mandag 19. oktober 2009

Jakten på kjærleiken

Denne helga flykta Kristine, Thea og eg til gards for å søkje lykka.
Til Vegard og Hemsedal.
Der blei vi teke imot med ven natur, nysteikte kvikaku og perfekt idyll. Ingen tvil; her vil vi byggje og bu.
Utover fredagskvelden kom den eine friaren etter den andre, men til tross for ein utrolig hyggeleg kveld så vart Vegard den einaste som satt igjen etter fyrste utstemming.
Laurdag vakna vi til ein ny-de-lig frukost, slik berre Vegard kan varte opp. Deretter fekk vi sightseeing i Hemsedal før vi vandra oppover fjellheimen og inntok stølen.
Dette var litt for å teste korleis jentene ville takle eit døgn med utedo og matvarer utgådd på dato i 96, men antakeleg mest for å sjå kva ein koselig støl stappfull med stearinlys kunne føre til…
I løpet av helga blei vi testa i mjølkespytting, riding og andre bonderomantiske aktivitetar.
Dei som kjenner Vegard veit at han ikkje klarar å velje, så vi slapp unna grin og kampen om ungkaren fortset så snart vi får moglegheit.




VAKRE Lio!



Kvikaku+++ til frukost

Kristine prøver å lure til seg nokon poeng

Mjølkespyttingkonkurranse

Vi kan gjerne ha han her som svigerfar



Nydelege Thea



God stemning

Og sjølv om vi har kjempa om Vegards oppmerksomhet ein heil helg så kjem vi attende til Bergen, meir utkvilte og opplagde enn på lenge.

9 kommentarer:

Else Karin sa...

Eg heia på deg!

Thea sa...

Fantastisk Hanne!:D

Hanne sa...

Mulig jeg er litt inspirert av hytteboka, Thea;)

Heier no veldig på deg også Else!
Deilig at vi snart ses da.

Marit sa...

misonnleg! Må eit grepa kvinnfolk t fe å fortene Vegard ja! me d æ d alle i hop, sø d passe fe sø vidt fint =) Høyrdes og såg fantastisk koseleg ut! Blei gla fe å uppdage at bloggen din æ uppe og gjæng i Noreg au, visste ikkje d eg =

Eirik A jobber sa...

Jeg syntes ærlig talt at vi gutta må ta opp kampen mot dere jenter. Her må det tas tak!! Btw, så ut som en knall helg :D

Hanne sa...

du bor på gård du også eirik, gjør du ikke??

Vegard sa...

Fortsettelse på historien:
Liobonden drog attende til studia i Danmark, men hjartet vart att heime. Han drøymde seg stadig tilbake til haustdagen då dei tre vakraste prinsessene kom til fjells for å søkje lukka.

Anders den utstemte sa...

Anders den utsemte!

jeg vil legge inn ein protest på at Vegard spilte på heimebane.Narve og jeg ønsker oss gjerne ein omkamp! he he. fin side du har da, fine bilder fra turene du har vært på.
takk for ein hyggelig helg.
hilsen Hemsedal smsdiktklubbforening. hehe.

Prem sa...

Det var veldig hyggelig tid Hanne! Hyggelig for deg å ha en slappe av gangen.